onsdag 22. juli 2009

Referat fra årsmøtet

Opning
25 medlemmar var til stades.
Konrad Opdahl heldt minne­ord om Inger Melbye (tilsett på Agder) som døydde i feb­ruar 2009.
Det var helsingar frå Asbjørn Eidnes og Gerd Magnhild Bergebakken som ikkje kunne møte i år.

Munnleg årsmelding
ved fungerande leiar Bjørg Myksvoll Garvik.
Styret har ikkje møttes dir­ekte, men hatt fleire nettmøte.
Bjørg, som var utsending til årsmøte i NF, refererte frå dei sakene som gjaldt Senior­laget. Status for Seniorlaget i NF skal tak­ast opp i NF sitt styre.
Medlemskontingenten til NF bør til­bake­førast til Senior­laget for dei som også er medlemmer i NF. I Sør-No­reg er det 5 % og i Nord-Noreg 10 %.
Styret i NF vil gje tilbake­melding om desse sakene.

Rekneskap 2008-2009
vart godkjend. Revisor Knut Grøtan.

Neste års Seniortreff - Fær­øy-tur
Årsmøtet i 2008 ga styret i oppdrag å arbeide med plan for treff på Færøy­ane i 2010. Ferjeforbindelsen frå Bergen til Færøyane vart som kjend lagt ned i januar 2009, og Konrad la fram reiseplan for ferjetur om Dan­mark. Dette blir svært komplisert, og år­s­møtet ber styret arbeide vidare for å finne alternativ reisemåte. Alternative skoler til senior­treff i 2010 vart lufta: Vefsn, Lofoten, Karm­øy kan vere ak­tu­elle. Det viste seg å vere størst interesse for ein vest­landsskole.

Val
Terje Thronæs går ut av styret av helsemessige grunnar.
Jon T. Grønlid vart sam­røy­stes vald til nytt styre­medlem.
Bjørg Myksvoll Garvik og Konrad Opdahl vart sam­røy­stes attvald.
Ivar Hov fekk forlenga sin status som spesialrådgjevar ved akklamasjon.

Ymse
Spesialrådgjevaren orien­terte om blogg-sida til Seniorlaget, og om meldingsbladet. Han fortalte at han har problem med å stå som ut­gje­var av bladet av helsemessige grun­nar. Han trudde likevel at han kunne å ta på seg utgjevinga i 2009. Ny an­svarleg bør peik­ast ut / melde seg innan årsmøte 2010. Han opp­for­drar sterkt møtelyden å sende inn stoff til bladet.

Rekruttering
Vervekampanjen hausten 2008 førte til 10 nye med­lemmer. Kampanjen må fort­setje. Medlemmene opp­for­drast til å vere aktive og få nye til å møte på Senior­treffa.

Kontingente
vert uendra – 100 kr.

Eventuelt
Olav Klonteig ber styret i Senior­laget vende seg til Styret i NF og be dei ta vare på "nabospråket". Sam­møte i dei nordiske folkehøgskolane føregår ofte på engelsk.

Ingeborg Opdahl