Vi er glade for at det i år er vi på Hallingdal Folkehøgskule som får ønskje velkomen til seniortreff!
Vi gler oss stort til å få ta i mot ungdommelege folkehøgskolepensjonistar og folkehøgskolevener frå heile landet.
Vi har sett kultur og friluftsliv som tema for samlinga, og begge delar er veldig typisk for Hallingdal. Tar vi og med turisme, har de heile programmet i kortversjon. Det viktigaste av alt er likevel å treffast!
Vi reknar med stor deltaking frå seniorlaget, og vi håpar og vi får treffe nye, ”ferske” seniorar. Inviter med dei de kjenner!
Program for seniortreffet 2009:
(Det kan bli endringar …)
MÅNDAG 8. JUNI – OPPMØTEDAG.
Kl. 18.00 : Oppmøte og innkvartering.
” 19.00: Middag
” 20.30: Kveldssete. Velkomst og orientering om Hallingdal Folkehøgskule. Lysbilete: Hallingdal til alle årstider.
TYSDAG 9. JUNI
Kl. 08.00: Frukost
” 09.00: Morgonsamling
” 09.30: Turistdestinasjon Hallingdal: Bygdekultur i møte med storturisme v/ Gunn Eliassen. Tur til Hemsedal.
” 12.00: Dugurd
” 13.30: Økologisk turisme v/ Pål K. Medhus
” 15.30: Kaffe/ forfriskningar
” 16.00: Kulturvandring i nærmiljøet til Hallingdal Folkehøgskule
” 18.00: Middag
” 19.30: Gol nye stavkyrje og Grundtvigsalmar /- songar.
ONSDAG 10. JUNI
Kl. 08.00: Frukost
” 09.00: Morgonsamling
” 09.30: Historie og folkeliv i Hallingdal v/ Thor Warberg
” 11.00: Kaffe/forfriskningar
” 11.30: Tur oppover Hallingdal. Ål kulturhus/ Rolf Nesch-museet.
To originale, freda gardar i Sudndalen, Hol gl. stavkyrkje.
Dugurd i det fri.
” 18.00: Middag
” 20.00: Kveldssete i peisestova med songboka og spontane innslag.
TORSDAG 11. JUNI
Kl. 08.00: Frukost
” 09.00: Morgonsamling
” 09.30: Årsmøte i seniorlaget.
” 11.15: Nytt frå NF/IF: ”3D veiledning for folkehøgskoleelevar” v/ ped. konsulent Rune Sødal.
” 12.00: Dugurd
” 13.30: Tur i friluft til gapahukane til skolen som ligg på skolens skogeigedom. Kvil med kaffe og forfriskningar i gapahukane.
” 18.00: Festmiddag – i god hallingtradisjon!
” 20.00: Kveldssete med ulike kulturinnslag. Leik og dans.
FREDAG 12. JUNI
Kl. 08.00: Frukost.
” 09.00: Morgonsamling
” 09.30: Den ukjende forfattaren frå Hallingdal og folkehøgskole- læraren Olav Sletto. Arne Skogheim fortel og les.
PRAKTISK INFORMASJON:
Kurset kostar kr. 3200,- alt inkludert. Kursavgifta skal betalast til Hallingdal Folkehøgskule, konto 2324 05 15040, ved påmelding.
Påmeldingsfrist 15. mai.
Gol ligg midt i Hallingdal, og Bergensbanen stoppar i Gol. Riksveg 7 Oslo-Bergen over Hardangervidda går gjennom Gol, og det kjem vegar frå Sogn, Valdres (nordfrå) og Numedal (sørfrå). Hallingdal Folkehøgskule ligg i retning Hemsedal frå Gol sentrum, ca. 5 km frå Gol stasjon. Alle som kjem med tog, vil bli henta av skolebuss.
Velkomne til Gol i juni!