mandag 2. februar 2009

Folkehøgskolens Seniorlag - 2009

Treff på
HALLINGDAL FOLKEHØGSKULE 
Måndag 8. juni - fredag 12. juni 2009 

Vi er glade for at det i år er vi på Hallingdal Folkehøgskule som får ønskje velkomen til seniortreff!

Vi gler oss stort til å få ta i mot ungdommelege folkehøgskolepensjonistar og folkehøgskolevener frå heile landet.

Vi har sett kultur og friluftsliv som tema for samlinga, og begge delar er veldig typisk for Hallingdal. Tar vi og med turisme, har de heile programmet i kortversjon. Det viktigaste av alt er likevel å treffast!

Vi reknar med stor deltaking frå seniorlaget, og vi håpar og vi får treffe nye, ”ferske” seniorar. Inviter med dei de kjenner!

 Program for seniortreffet 2009:

(Det kan bli endringar …)

 MÅNDAG 8. JUNI – OPPMØTEDAG.

Kl. 18.00 :  Oppmøte og innkvartering.

     19.00:  Middag

     20.30:  Kveldssete. Velkomst og orientering om Hallingdal Folkehøgskule. Lysbilete: Hallingdal til alle årstider.

TYSDAG 9. JUNI

Kl. 08.00:  Frukost

    09.00:  Morgonsamling

    09.30:  Turistdestinasjon Hallingdal: Bygdekultur i møte med storturisme v/ Gunn Eliassen. Tur til Hemsedal.

    12.00:  Dugurd

    13.30:  Økologisk turisme v/ Pål K. Medhus

    15.30:  Kaffe/ forfriskningar

    16.00:  Kulturvandring i nærmiljøet til Hallingdal Folkehøgskule

    18.00:  Middag

    19.30:  Gol nye stavkyrje og Grundtvigsalmar /- songar.

ONSDAG 10. JUNI

Kl. 08.00:  Frukost

    09.00:  Morgonsamling

    09.30:  Historie og folkeliv i Hallingdal v/ Thor Warberg

    11.00:  Kaffe/forfriskningar

    11.30:  Tur oppover Hallingdal. Ål kulturhus/ Rolf Nesch-museet.

                 To originale, freda gardar i Sudndalen, Hol gl. stavkyrkje.

                 Dugurd i det fri.

    18.00:  Middag

    20.00:  Kveldssete i peisestova med songboka og spontane innslag.  

TORSDAG 11. JUNI

Kl. 08.00:  Frukost

    09.00:  Morgonsamling

    09.30:  Årsmøte i seniorlaget.

    11.15:  Nytt frå NF/IF: ”3D veiledning for folkehøgskoleelevar” v/ ped. konsulent Rune Sødal.

    12.00:  Dugurd

    13.30:  Tur i friluft til gapahukane til skolen som ligg på skolens skogeigedom. Kvil med kaffe og forfriskningar i gapahukane.

   18.00:  Festmiddag – i god hallingtradisjon!

   20.00:  Kveldssete med ulike kulturinnslag. Leik og dans.

FREDAG 12. JUNI

Kl. 08.00:  Frukost.

    09.00:  Morgonsamling

    09.30:  Den ukjende forfattaren frå Hallingdal og folkehøgskole- læraren Olav Sletto. Arne Skogheim fortel og les.

 

PRAKTISK INFORMASJON:

Kurset kostar kr. 3200,- alt inkludert. Kursavgifta skal betalast til Hallingdal Folkehøgskule, konto 2324 05 15040, ved påmelding.

Påmeldingsfrist 15. mai.

Gol ligg midt i Hallingdal, og Bergensbanen stoppar i Gol. Riksveg 7 Oslo-Bergen over Hardangervidda går gjennom Gol, og det kjem vegar frå Sogn, Valdres (nordfrå) og Numedal (sørfrå). Hallingdal Folkehøgskule ligg i retning Hemsedal frå Gol sentrum, ca. 5 km frå Gol stasjon. Alle som kjem med tog, vil bli henta av skolebuss.

Velkomne til Gol i juni!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar